mandag 3. oktober 2016

Handlingsrefferat frå starten av Vildanden

Vildanden er ein film som er dramatisert ut ifrå eit skodespel skrive av Henrik Ibsen. Ibsen skreiv dette skodespelet i 1884. Filmen handlar om dei ideale forhold.

I starten av filmen blir sjåarane møtt av Gregers og Hjalmar som har vore i middagsselskap heime hos Grosserer Werle. Gregers og Hjalmar snakkar saman ei stund slik at publikum får ein liten ide om korleis deira tidligare forhold har vore. Etter kvart får også Gregers ei lita aning om at Hjalmar har blitt hjulpet av Grosserer Werle, Gregers far. Mens dei to barndomsvennane snakkar om kva som har hendt sidan dei sist såg kvarandre, kommer Hjalmars far valsande gjennom stua dei står i. Faren til Hjalmar og Grossereren har hatt ei vanskeleg fortid saman. Nokke som igjen gjer at Hjalmars far blir sett ned på når han går gjennom stua.

Hjalmar bestemmer seg for å gå rett etter hans far passerer stua. Etter Hjalmar og Gregers hadde sin prat saman har Gregers fått lære ein god del han ikkje tidligare var klar øve. Gregers bestemmer seg derfor å konfrontere Grosserer Werle angåande Hjalmars nåverande hustru, Gina. Gina var tidligare ei stuepike som jobba i Grossererens hus mens hans egen kone låg døande. Etter konfrontasjonen lærar Gregers at Grossereren har hatt eit intimt forhold saman med Gina. Gregers blir veldig sint og på same tid skuffa øve kva han blir fortalt av sin far, og bestemmer seg med det at han skal fortelje Hjalmar alt det han har lært.


……

1 kommentar:

  1. Ei god oppsummering. Du skriv ganske bra på nynorsk, Runar. Sjekk desse orda: kommer, nokke, øve, egen

    SvarSlett